26.8.12

Det partikulære og normative grunnlaget for den liberale sekulære staten

"Does the free, secularized state exist on the basis of normative presuppositions that it itself cannot guarantee" (Ernst Wolfgang Böckenförde 1967, quoted by Jürgen Habermas 2005.

Dette synes for meg som spørsmålet som må erstatte søket som no lenge har gått føre seg etter Det nye Noreg, den multikulturelle samfunnet eller kva det no er som basis for solidaritet og verdiar i staten.

Habermas vekker ei rad tankar som få andre intellektuelle klarer. Det han lyfter fram her er ikkje eigentleg ein konservativ ide - men det er det og; men for ein Habermas er det liberalt og sekulært spørsml - å søke etter grensene også for den sekulære tradisjon.

Habermas fortsetter:

"This question expresses a doubt about whether the democratic constitutional state can renew from its own resources the normative presuppositions of its existence; it also expresses the assumption that such a state is dependent on ethical traditions of a local nature. These may be traditions of one particular world view of or a religion, but in any case, they have a collectively binding character. [...]"

Slik eg forstår Habermas meiner han her for Europa sitt vedkomande, kristendommen. I det postsekulære samfunn, om det verkeleg er der vi er på veg, kan ein ikkje velje seg ein religion, og ein kan ikkje gjere pluralismen til religion - for dette er den tilstand vi legg bak oss. Vi må tvert om utforske og forstå kva pluralisme i verda betyr. Og det betyr ikkje at alt er like bra, gyldig og verdifullt, men at det eine har forrang for det einskilde samfunn.

Ein annan stad legg han fram som del i eit lengre resonnement at "it remains doubtful, when we consider the element of human motivation, whether a society with a plurality of world views can achieve a normative stabilization - that is, something that goes beyond a mere modus vivendi [...].

Habermas peiker ofte på "motivasjon" som ligg bak det sekulære samfunn og som ikkje er del av det rasjonelle fundamentet. Men ein kan ikkje sjå bort frå kor viktig motivasjon er for solidaritet, demokrati, staten sin legitimitet.

I så mange saker har dette kome fram dei sist tiåra, at det er reist spørsmål om det legitime grunnlaget for staten, mellom anna innan helsevesen, velferd, tryggleik... I det norske sosialdemokratiet - og kanskje vidare enn som så - er det i staden sekulær hybris. Vi fekk samhandlingsreformen, multikultur m.m. Vi skaper oss sjølve.

Det er mange utslag: Du vil i dag ikkje lenger finne ein topp-politikar som bruker historiske referansar. Det er som om Noreg i dag er ein galakse for seg sjølv.

Habermas, den sekulære intellektuelle frå Europa si venstreside, legg då fram eit perspektiv som ikkje er nytt - som i dag er "avleggs":

"The starting point for the philosophical discourse about reason and revelation is a recurrent idea: namely, that when reason reflects on its deepest foundations, it discovers that it owes its origin to something else. And it must acknowledge the fateful power of this origin, for otherwise it will lose its orientation to reason in the blind alley of a hybrid grasp of control over its own self" (Habermas "Dialectics of Secularization, Ignatius 2005, oversett frå tysk og difor i eit stivt språk)

Fridom kom ikkje rekande på ei fjøl.
The Dialectics of Secularization: On Reason and Religion

http://www.amazon.com/Dialectics-Secularization-Reason-Religion/dp/1586171666/ref=sr_1_1?s=books&ie=UTF8&qid=1346011600&sr=1-1&keywords=habermas+ratzinger+dialectics