4.6.13

Saka

Her er kommentaren som redaktør Magne Lerø i Ukeavisen Ledelse skreiv i Vårt Land i dag den 4. juni 2013. Kommentaren er lagt ut på Lerø si heimeside:
Utålelige meninger 
For Anders Ulstein ble det så visst ikke mer demokrati og åpenhet etter 22.juli. Han fikk sparken. Rusorganisasjonen Actis tålte ikke hans syn på innvandring og kritikk av Jens Stoltenberg. .... forts.

Saka om meg blei først publisert i Ukeavisen Ledelse fredag 31 mai. Den er no tilgjengeleg på nettet her: "Jeg ble presset ut av jobben".

Eg skreiv ein kommentar på document same dagen (31/5/2013). To andre saker blei skrive av redaksjonen, eit om hovedoppslaget til UL, og ei om eposten som sette prosessen i gang.  Her finst det lenker til saksdokumenta i prosessen med meir.

NRK.no har ei sak i dag onsdag 5 juni. "Kritiserte statsministeren på nettet – vart sparka frå jobben"
Nettavisen har også ei sak no i kveld: "Sparket etter Stoltenberg-kritikk"

Danske Sappho.dk har ei sak om meg 29. juni "Norsk heksejagt: Havde de forkerte holdninger, og blev fyret". Sappho er det danske Trykkefrihedsselskabets nettmagasin med fokus på ytringsfridom, kultur og Vesten si framtid.
---

Dette er ein del av historia etter 22/7.  Det finst berre eitt svar på spenningar og usemje, og det er eit romleg ordskifte med mange ulike syn og perspektiv. Dette er grunnvollen for demokratiet og det er her ansvaret ligg, å legge til rette for dette og syne det respekt. Dette er spesielt viktig der konfliktpotensialet er stort og konsekvensane alvorlege.

... Slik det er hos den einskilde av oss, slik er det og for eit land. Ein må vere open og sannferdig; vanskelege ting må ikkje under teppet; tabu, frykt og skam må ikkje bli eit virkemiddel. Det lenger det går utan skikkeleg realisme og openheit dess verre vil det bli å løyse problema, finne semje, skape tillit.

Tilbake til kjeldene:

"Frimodige Ytringer om Statsstyrelsen og hvilkensomhelst anden Gjenstand ere Enhver tilladte".  
Grunnloven § 100 tredje ledd: 

Ingen kommentarer: