5.1.05

Eit forsvar for vår fornuft

Det er eit paradoks at vi i ein high-tech tidsalder no må rykke ut i eit forsvar for fornufta og det frie ordskiftet. Det er dette denne blog'en skal handle om.

Institusjonar som aviser og politiske parti er ikkje lenger på vakt slik dei skulle. Og dei spring i flokk. Det politisk korrekte marsjerer som om det var dagleg samordna.

Redaktørar og journalistar taler gjerne om si ærerike samfunnsrolle, og for kvart skritt dei tek ned i den tabloide sentimentalisme, einsretting og kommers tek dei trinnet opp i sjølvhøgtideleg patos. Dette er hengemyra, dess meir du sparkar, dess djupare synk du ned. Ironisk, sidan media mettar seg dagleg på løgn, falskheit og hykleri, dette er sjølve favoritt-retten deira.

Ei gal reiserekning frå ein politikar og du heng på framsida: "Du skriv du kjøpte billett til Oslo, men var du kanskje ikkje heime i staden? Tjuv og løgner!" Ta så media som seier dei vil forklare verda for oss, gje oss objektiv informasjon, vere grundig og rettferdig lyg dagleg likeeins. Redaktørane som seier dei er bodberarar, uavhengige og kritiske, eit ljos i mørkret, ei samfunnsmakt; samfunnsberande; 'vi er dei takk skyldig, bøy deg ned for desse utvalde'. Men kvar er vi alle komne når kvelden kjem, avisene lest og TV slått av? Dei er trendsettarar, underhaldarer, kremmarar, populistar og kvakksalvarar; berre bortom alt dette kan ein skimte litt fakta og fornuft, men vilkårleg. Og bølgjene slår i takt. Alt det useielege blir ikkje sagt. Lokket ligg over det heile. Her blir Norge definert, vi og dei andre, er du med eller ikkje? Mytene og tabua, forestillingane og fordommane. Berre det riktige utvalet kjem med. Dei er ein del av leiken, og spelet med ord er det heile som er. Amatørar sit ved desken. Administrerande direktør sit i skuggen bak. Livsstilsstoff og sport kryp umerkeleg fram i avisa frå siste side. Verda kjem til oss som notisar frå ei lottomaskin.

Og ingen redaktør heng på framsida (uflidd og redd der han smyg seg ut bakdøra, unna pressefotografen) fordi han gav ut eit sladderblad medan han sa han skulle følgde dygdene til den frie pressa. Vi blei lova seriøsitet, men fekk dette. Løgn og tjuveri!

Media er det nye store i vår tid, som formar og styrer, og håvar inn pengar. Det frie ordskiftet og det opne samfunn var ein gong media sin bror og søster. No er det noko som skjer. Einsretting og løgn er overalt i blant oss. Eg stør meg til utviklingsoptimismen, normalt, men tvilen tyngjer. Men det er vel det det står om - at framskritt kjem ikkje av seg sjølv. Her må ein roserevolusjon til.

Ingen kommentarer: