2.5.05

Unge Høgre på bar (bakke)

Fint, Unge Høgre vil "polere" sine verdiar foran valkampen. Brennevin til 18 åringane, lengre åpningstider for skjenking av alkohol, vin i butikkane, bort med pornosladden, og bort med spilleautomat-monopolet. Aftenposten i dag.

Så det er dette vi treng? Meir alkohol, porno og pengespill? Den nye verdidebatten, helsing UH? Dette er sakene som skal gi retning på landet, og som i demokratiet sitt namn 100 år etter vi fekk det heile i fanget skal løftast fram som prov på kva det heile var verdt.


Kvart fjerde år skal kursen settast, av oss alle. Høgtideleg. Det er slikt dei står i kilometer lang kø i Afrika eller risikerer livet for i Irak for å vere med på når det ein sjeldan gong skjer. Tilbake til Oslo. 'Pornospritogspill' er lite respekt for det filigransarbeidet som er gjort og den kapital som er betalt inn av mange veljarar før oss, mange skikkelege politikarar óg.

Greit med åpningstider, porno og pengespill. Det er meiningar dei har rett til. Kjør i veg. Mein kva de vil, men kall ikkje dette verdidebatt, og kall det ikkje konservativt. Tru heller ikkje at de er strategar. De er det motsette, de diltar etter flokken. Strategane sit ein annan stad og ler rått.

UH vil ha KrF som hovedmotstandar, dei slenger inn homoadopsjon på verdilista i same slengen så er ein trygg. Det er for "å sette barna i sentrum", seier dei. Eg mistenkjer at det er dei homofile som her blir sett i sentrum. Var ein oppttatt av barna ville ein gjere det heilt sentrale skilje mellom biologiske barn og andre. Adoptivbarn som ikkje er biologiske barn har best av ein mor og far. Ser at ei meiningsmåling viser at det er eit lite fleirtal for adopsjon for homofile par; eg lurer på korleis spørsmålet var stilt? Fokus var nok på dei homofile. Spør ein om adoptivbarn bør har rett til både ei mor og ein far, ville kanskje resultatet blitt anleis.

Kan det være andre motiv enn barnet sitt beste? Unge-Høgre leiaren blir avbilda i avisa med whisky-flaske på kafebordet - populært 'accessory' i valgkampen. Har homofili fått same status som kafekultur og whisky? Det synes lite ansvarlig å viser seg fram med whisky-flakse på kafeen for ein ungdompolitikar. Det fungerer godt på Grünerløkka, men kor mange der vil stemme på Høgre?

Pasjon for dei homofile - men 50.000 spilleavhengige og hundretusener av barn og vaksne som lir under spill og alkohol får meir whisky og nattåpe pubar. UH sitt engasjement er selektivt. Kan det være noko med kva som er trendy?

Det er greit, eg er for fridom for den einskilde. Folk må gjere som dei vil, vere den dei vil. To menn som kysser kvarandre under eit tre i parken får ikkje meg til å gripe etter ein småstein. Greit. Eg skulle om eg hadde mot til det, stilt meg mellom steinen og dei to, om så var. Men eg vil aldri like synet. Og de må ha meg unskyldt, men eg har ei kjensle av at det er akkurat det homo-aktivistane vil tvinge fram. Dei vil ha eit samfunn der vi skal like synet av to menn som kliner i parken.

Bak dette ligg det ein kulturkamp. Rettigheiter og krav om slike er no berre fasaden. Ikkje har eg svaret på kvifor vi er skapt som vi er, men eg nektar for at det er heterofile som skal gå rundt med dårleg samvit for ikkje å heilt like synet eller tanken på homofil samliv og sex. Her kan vi ikkje tvingast. Vi kan lære og forstå at vi er forskjellige, og vi kan forsone oss med det. Vi kan akseptere mangfald, gi grunnleggande rettar til alle; men vi kan ikkje endre eit biologisk instinkt - som også er mykje meir enn eit biologisk instinkt, det er ein viktig tråd i den kulturelle veven som held samfunnet saman. Dette er også ein rett. Den har eit sterkare mandat. Det ligg ein kjerne i livet ein stad i samlivet mellom mann og kvinne. Kanskje er det religiøst, kanskje ikkje. Det er vår fridom å tru kva ein vil. Ein kan legge mykje i det. Det er mystikk. Det er ein kjelde der livet kjem til men vi veit ikkje frå kva. Adopsjon kan ikkje endre dette grunnleggande faktum.

Har whisky, vin og homofile rettar blitt valgflesk - men servert som fettuccine? Dei homofile er kanskje ikkje så mange men dei er viktige meiningsberarar og markørar. Eg er usikker på kor heltemodig det er å kjempe for dei homofile rettane. Dette har gått frå ein kamp for rettferd til lørdagsunderhaldning. Når det blir laga reality-shows med homofile menn så slår det meg at homofili som undertrykt og diskriminert gruppe er historie. Men det ender ikkje der, vi skal alle reise oss med applaus for dei homofile, det skal bli bedre å være homofil enn heterofil ... Frå einsam i skapet til kjendis i Oslo. Kunne vi ha klart oss halvveges?

Kjendis-status for homokulturen er sikkert bra for somme. Men er det bra for alle? For dei som kanskje ikkje vil ut av skapet, for dei som vil ut, men ikkje lenger enn eins eige hus. Er det bra for dei som er i tvil. Er det bra med ein seksuell forbrukarkultur der ein kan prøve litt av kvart?

Eg er rask med å legge til (før dei første råtne egg kjem flygande) at eg veit ikkje, dette er vanskeleg. Homofili som noko personleg, biologisk og psykologisk er blitt politikk og kulturkamp. Det som var kompleks før er ikkje blitt mindre vanskeleg no. Gamle tabu er bytt ut med nye. No kan alle snakke om homofili, men ingen kan stille kritiske spørsmål. Prøv i neste middagsselskap å sei at homofili no er blitt ein trend, og sjå kva som skjer.

Det som slår meg i alle fall er: Kor heltemodig er det å slåss for dei homofile sine rettar, la oss seie, i NRK i dag? Den gong dette var snakk om verkeleg blodig urett - då var verken UH eller eg ute å svingte sverdet. Ta med deg regnbueflagget og rop om fred og rettferd for dei homofile i dag og du er på trygg grunn i det offentlige rom.

Homofili er no blitt trendy popkultur, og UH er enda eit parti som no trur at dette gir dei ein premie i det norske Hollywood - Grünerløkka, Akersgata og Marienlyst - heretter kalt 'Grakerlyst', ein pop-medieverden i sin eigen sjølvforelska bane i Oslogryta.

Det Høgre burde tenkje over er: om dei gjer kur til Grakerlyst - kvar blir dei konservative verdiane av? Skal enda eit parti konkurrere med SV, V, AP, SP om dei sofaradikale i Grakerlyst? Fint, men her kjem FrP og KrF inn frå høgre kant. Og Høgre sjølv går i spagat. Stakkars tantene, og stakkars vestlandsentrepenøren. UH har akkurat lagt ein open firefelts motorveg framfor KrF inn i valgkampen. Og dei ber på ein tikkande bombe som dei i verste fall tek med seg inn i moderpartiet. Eg har ein mistanke om at UH ikkje her freistar vere taktiske og hjelpe KrF fram som regjeringspartnar ...

Toppen er at "Vi samarbeider mye med Fr.p. Men i innvandring, økonomisk styring og ansvar kontra populisme, står vi langt fra hverandre," seier Unge Høgre-leiar Torbjørn Røe Isaksen til Aftenposten i dag. Mon det?

Men så er det forskjell på populisme, det er den dumme dumme, som den dei likar som bur utanfor Grakerlyst, køyrer kanskje drosje, kanskje er på gamleheim, kanskje lastebilsjåfør, danskebåten, dei som ikkje forstår kva Fredrik Skavlan seier eller kvifor ein ler av Harald Eia, eller kanskjer er dei heilt vanlege folk - ikkje veit eg...

Den andre typen populisme vil aldri bli identifisert som populisme fordi dette er verdiane til dei som definerer populismen - dei rett-tenkande i Grakerlyst med vinløv i håret. Gjerne på venstresida. Synd for Norge at vi berre har rom for eitt Grakerlyst for dei rett-tenkande. Og desse har no monopol. Og no har enda eit (ungdoms) parti blitt med i monopolpopulismen. Trygt og godt å være med på verdimonopolet frå statskanalen til Akersgata - men for eit liberalt parti?! Kanskje blei det for lite mot i UH... tøft å stå utanfor Grakerlyst i desse dagar. Lunt innafor. Kanskje har dei ikkje vore utanfor bygrensa på ei stund heller? Trur det er slik.

Håper Høgre har forstand til å stå imot. Forstand til å sjå at Grakerlyst er trolaust, dei er alltid færre enn ein trur, at dei alltid vil foretrekke føleri like kommersialisert og flatt som Dagbladet foretrekker pupper på forsida. Grakerlyst er like oppriktig som den pubertale innlevelse i reality shows og fred på jord, mellom promp og prakt. Det Høgre investerer i Grakerlyst gir ikkje avkastning. Dei får ikkje igjen innsatsen eingong. Nivelleringa er som inflasjonen - enda ein naken pupp, enda kortare horisont, enda eit tabu, eller gårsdagens tabu ein gong til, og ein gong til... Det er ikkje plass til alle partia i denne malstraumen.

Grakerlyst er intellektuelt i fritt fall, med Dagbladet og NRK spent for vogna. Politikk, underhaldning og media, i spann med dei unge gatekorrekte med den 'livsviktige' kapitalen: trendpopkulturen for Narcissusane. Det homofile ikonet i sine flotte klær og sine manerer får meg til å tenke på Narcissus. Dei er ikkje aleine, kanskje er det slik kjendisane kjenner seg, stirrande ør ned i vatnet. Media er vass-spegelen idag, aggressiv i alle heimar og alle kioskar. Som kjente døde Narcissus av sorg over ikkje å kunne eie bildet av seg sjølv. Det var berre eit bilde.


Det er samling foran spegelen. Istaden for å ta veljarane ut av 'forfengelighetens marked' har media og politikk hoppa etter. Kommersialisert som brusreklamen for Sprite: "Thirst is nothing, image is everything".

Ta Aftenposten med i same slengen. Kortare artiklar for kvart år. Seriøse media er no snart heilt borte i Norge. Alt er underhaldning. "Image is everything". Verda - røyndomen - er blitt notisstoff. Urbanistane med Erling Fossen og co, ein lita samling kafeintellektuelle som har lite tid til å sitt på kafe, er i ein annan divisjon, dei er regionale og urbane samfunnsbyggarar, entrepenørar. Tenkjer meir på kva dei har i hovudet enn korleis dei kler seg.


Grakerlyst tenkjer ikkje verken regionalisering, eller offentlige rom, drøftar verken geopolitikk eller nasjonale interesser. Grakerlysts verdiar er like tamme og søtladne som ein lunken kaffe latte med vindaugsplass og Lørdagsdagbladet. Høgre vil ikkje vinne stemmer i Grakerlyst det blir Grakerlyst som vinn stemmer fra Høgre.

UH leiaren seier dei er forskjellig frå FrP i den økonomiske politikken?! Og kva så?! Problemet for Høgre er ikkje at dei er ueinge med FrP i den økonomiske politikken - men at AP for lang tid siden er einige med Høgre sin. Dvs dei tok den langt på veg over. Høgra mista monopolet på restriktive finansar og eit ope samfunn. Sjølv med SV i regjering vil endringane for det meste bli symbolske. Det blir ingen renasjonalisering, det blir inga avikling av EØS, det blir ikkje priskontroll osv. Det Høgre dermed har att er eit sett med verdiar. Flyttar Unge Høgre inn i Grakerlyst er det vanskeleg å sjå kva som då er att. Trur Høgre at det berre er KrF-veljarar som synes familien er viktig? Trur UH at ein time lenger ope på RIMI gir dei ein ny vår?

Det finnst håp. Høgre sin leiar, Erna Solberg har utfordra det multikulturelle samfunnet sine dogmer - ein av Grakerlyst sine hjartesaker. Her syner ho veg, sjølv om ho er ein praktikar og ingen ideolog, og ho lukkast ikkje like godt med å formulere ein verdiprofil basert på hennar gode praktikum.

Unge Høgre sin kjekke leiar i Aftenposten, med flott bilde på cognac- og cigarbar, han er ikkje redd for det multikulturelle samfunn; porno, spill og alkohol - dette er verdidebatt, får vi vite. Tru kva pakistanaren på hjørnet meiner, den driftige familiemannen som Høgre tidligare har inviterte på fest fordi dei hadde noko til felles?

Medan UH stig ned i Grakerlyst bar til applaus (og med kanskje litt rå latter bak i ein krok) - blir Høgre sittande på bar bakke?

2 kommentarer:

Anonym sa...

Her i verden finnes det noe som er lov og noe som ikke er lov. Det som ikke er lov har ulike begrunnelser: noe er farlig som for eksempel sommerdekk i januar; noe er usunnt som for eksempel sigarettrøyking på arbeidsplassen; noe driver norske bønder ut av business som for eksempel import av corned beef; noe forsøpler som for eksempel malingavfall i bekken.

- men noe blir sanksjonert imot fordi det er morsomt, som cognac eller syndig som homofili og pornografi.

Slik sett er adgangen til å spille bort penger eller skjenke 18-åringer en lakkmustest på toleransen i samfunnet. Generelt er det lettere og hyggeligere å leve i et samfunn hvor man ikke legger seg så mye opp i sine naboers fornøyelser og forlystelser. Kanskje er det det saken handler om.

Jeg tror jeg stemmer Høyre i år.

Anders Ulstein sa...

Alkohol er årsak til omtrent 10% av all morbiditet og mortalitet samlet i Europa (WHO). 5% av Europas befolkning er avhengige av alkohol (WHO). Det vil si en av de største enkeltfaktorer som en kan gjøre mye med (til forskjell fra kreft). Ved siden av røyking og fet mat er det ikke noe annet som vil kunne øke vår velstand og styrke vår økonomi mer enn å holde et lavt alkoholforbruk.

Forøvrig er sommerdekk om vinteren også ganske morsomt.

Godt valg.