8.5.05

"We shall fight to make the world free"...

Er der ei linje frå Woodrow Wilson, via Franklin d. Roosevelt til George W Bush?

Sjølv om Storbritannia gikk til krig mot Tyskland august 1914 på grunn av det vesle landet Belgia, var det med USA, som først blei med i 1917, at første verdskrig fekk preg av ein krig for retten til dei små, ein krig om dei grunnleggande ideane. For Frankrike, Storbritannia og Russland var krigen stormaktspolitikk, maktbalanse og realpolitikk. Ikkje uviktig det heller. Serleg når det var interessene til demokratiske land det var snakk om, noko som ekskluderer Russland, sjølvsagt. Og det var rett nok rikeleg med kjensler i Europa óg i 1914 og før - men desse var kjenneteikna ved hat og raseri, frykt og jubel. Som når krigen blei gjort kjend i Paris og gatene eksploderte i glede. Endeleg krig! Det var det gamle Europa som rasa saman, keisarar, kongar, overklasse, fyrstedøme. Old Europe.

Etter at Tyskland byrja senke amerikanske handelsskip utan nåde, for på den måten svekke forsyningane til Storbritannia, erklært USA endelig Tyskland krig. Og måten dette skjedde på er ikkje uvesentlig. Dette var Woodrow Wilson, mannen bak Folkeforbundet, grunnvollen og ideala for Dei Sameinte Nasjonane.

"We shall fight for the things which we have always carried nearest to our hearts - for democracy, for the right of those who submit to authority to have a voice in their own government, for the rights and liberties of small nations, for a universal dominion of right by such a concert of free peoples as shall bring peace and safety to all nations and make the world itself at last free." (Sitert i "Europe since Napoleon. av David Thomson, Penguin 1990 side 566)

Denne retorikken bringer tankane fram til Atlanterhavspakta frå 1941, signert av Churchill og Roosevelt. Dette var på liknande vis eit politisk ideologisk kart for framtida - moralsk og rettslig om ein vil - for kva ein no slåss for. Dokumentet var radikalt. Roosevelt hadde arbeidd i Wilsons stab og arven var tydeleg. Målet var "ei verd" der frie nasjonalstatar utan å måtte legge si framtid i militære alliansar of slåss for sine interessesfærer skulle lage ein ny internasjonal orden. Stalin takka nei til å skrive under. Denne pakta var den andre byggesteinen for det som seinare blei SN.

Begge gonger, under angrep frå totalitære regime, var det USA som formulerte den ideologiske basis for kva striden skulle stå om.

Det er mange årsaker til dette. Men denne historia er viktig for den som vil gjere seg kjend med USA sitt sjølvbilde og den rolle dei har spelt og ønskjer å spele.

Det internasjonale systemet som blei bygd opp er med terrorisme, assymetrisk krigføring, trugsmål om ABC våpen, blokkdelinga av verda og det tyngdefeltet og orden dette skapte, i dag ikkje godt nok for å sikre fridom og fred. Balkan-krigane viste at vi ikkje alltid kan stole på nasjonalstaten som ramme for dei verdiane vi trass alt held høgst, fridom og rettferd. Så etter år med diplomati, greip USA og Nato inn, på vegne av menneska, og utan tanke for at dette kanskje var i strdi med internasjonal lov.Tony Blair var arkitekten, Clinton og ikkje minst Richard Halbrook, general Wesley Clarke, Madeline Albright dreiv det igjennom.

Enno har eg ikkje nemnd president Bush. Sitatet frå W Wilson i 1917 får meg til å tenke: Kunne ikkje Busj jr sagt dette i dag? Ja. Ville du høyrt den fraske presidenten seie dette? Neppe. President Chirac heldt nyleg ein stor tale til forsvar for EUs konstitusjon. Høyr:


"Being European does not mean abandoning oneself. It means being more French, more German, more Polish but sharing a common destiny," "We are no longer able to dream of closing ourselves inside national bastions," he told the gathering, which included 16 EU culture ministers. "Compartmentalization and isolation would be fatal to our cultures." (CNN)
Det høyrest fint ut, men kva retning er dette? Kva er eigentleg innhaldet, når immigrasjon, terrorisme, utviding av EU, er tema som krev ein langt modigare definisjon. I staden er Frankrike opptatt av kultur, det å være fransk, seg sjølv, å være Europeisk osv.

Bush står i ein annan like metta tradisjon som den franske - med historiske referanser som set dei sjølve i sentrum og som er like full av symbolisme. Så langt så vel. Samanlign med dei første linjene i Bush jr sin takketale ved innsetjinga i 2001:

"We have a place, all of us, in a long story--a story we continue, but whose end we will not see. It is the story of a new world that became a friend and liberator of the old, a story of a slave-holding society that became a servant of freedom, the story of a power that went into the world to protect but not possess, to defend but not to conquer.
It is the American story--a story of flawed and fallible people, united across the generations by grand and enduring ideals."

Og i sin andre innsetjingstale seier han dei noe etterkvart kjende orda:

"There is only one force of history that can break the reign of hatred and resentment, and expose the pretensions of tyrants, and reward the hopes of the
decent and tolerant, and that is the force of human freedom."

"The survival of liberty in our land increasingly depends on the success of liberty in other lands. The best hope for peace in our world is the expansion of freedom in all the world."

I ingen av talane nemner han "stabilitet", til dømes.

Vil historia peike på samanhengen fraå Wilson, Roosevelt og Bush jr? Dei som formulerte klare målsetningar og krav i ei krisetid, peika ut ein veg som stod over den daglege politikken? Og visjonært la ramer for eit internasjonalt system som skulle halde i generasjonar? Svakt, men stadig i utvikling. Og kanskje meir, kanskje er det ei utvikling i dette som i dag ingen vil sjå. Dei svakheitene som var i Folkeforbundet, som berre delvis blei utbetre i Dei Sameinte Nasjonane, vil dei bli vidare bøtt på i den nye orden som kan kome ut av Bush' kamp for fridom og demokrati? Det er rikeleg med spørsmål å stille. SN, etter den kalde krigen, som berre fekk leve og hadde ei rolle på grunn av denne, kva no? Var det ei ny tid eller har den nye frie verda etter Kommunismen rive grunnen under dei? Er det grunn til å akseptere at despotane sit ved bordet saman med demokratane? Og kva erstatter dette?

Det synes rett at det igjen må vere fridom, demokrati og rettferd som skal vere leiestjerna, men kor ofte høyrer ein ein europeisk politikar i dag snakke om fridom? Kanskje om demokrati, men ikkje ofte, rettferd, noko oftare igjen, men kva slag rettferd taler dei om? Oftest snakkar dei om fred og stabilitet. Kven sin fred? Fred frå kva?

Korleis kunne dette skje? At Europa slutta snakke om fridom?

Ein siste ting. Demokrati og andre gode ordningar for lokalt, nasjonalt og internasjonalt samfunn er godt og riktig. Men det er ikkje godt, riktig og moralsk i seg sjølv. Demokratiet er nemleg alltid udemokratiske på den måte at det aldri representerer alle likt og rettferdig. Det gode med demokratiet er at det legg til rette for fridom, best mulig. Likskap og rettferd mellom folk er ikkje den første byggjesteinen. Den grunnleggande steinen er fridomen. Den vanskelege, og den ein lever og døyr for.

Ingen kommentarer: