5.8.09

Islamofobi finst ikkje – og om kvifor det dreier seg om ein norsk kulturkamp meir enn Islam

“Det har utviklet seg en islamofobi med utgangspunkt i ekstremistenes perverte form for islam.” (Torbjørn Jagland Aftp 12.04.06, i etterkant av Muhammedkrisen)

Sitatet er absurd men typisk. Reaksjonar på det Jagland kallar ”ekstremistenes perverte form for islam” meiner han er islamofobisk. Men er det ikkje sundt å utvikle sterke aversjonar mot ekstremisme? Jagland meiner politikk og religion må sklijast frå kvarandre. Der har han rett. Men der er også problemet. Den islamske revolusjonen vi ser breie seg over verda er ikkje små kuriøse utslag, men ei brei rørsle med store ambisjonar om nettopp å sette religion over politikk. I rørsla er der mange nyansar, men retninga er den same. Rett nok, svaret på dette må mellom anna vere dialog, slik Jagland peikar på. Men motstanden mot dette må også vere fast, prinsipiell og generell. Men til det trengs det at ein trur.

Jagland er likevel blind; ja han bidrar til konflikten som så mange andre i den norske og europeiske offentligheita: ”I skjæringspunktet mellom islamistene og islamofobi kan en ny form for fascisme vokse frem”, skriv han. Men islamistane er sjølve dei autoritære og middelalderske i beste fall og tydelig fascistiske og rasistiske i sjølv moderate variantar. Fobi synes å vere ein svært sunn reaksjon.

Det trengs ikkje være så svært intellektuelt heller. Det er lov for ein "vanleg" kar å mein at ein burka i norske gater er absurd og galt. Dette handlar ikkje om at det luktar sterkt og framand krydder i oppgangen – det er banalt. Det handlar om kultur og trua på henne. Og først og fremst om at kultur betyr noko! Og der er mange av oss nordmenn uenige. Vi er alle for kultur, og det er ikkje ende på kva som er med, men det betyr ingenting anna enn sport, musikk, meiningar. Kultur er tematisk. Det er ikkje noko for oss lenger. Einaste som er stuereint i eliten og blant studentane av eliten er den grenselause kulturen. I det multikulturelle ligg det ein relativisme som gjer at sidan all kultur er like gyldig, blir kultur likegyldig, for å parafrasere eit gamalt munnhell. Det betyr ikkje at god kultur er bort, men at vi ikkje snakkar om det, at den veiknar bort og at vi melder oss ut av historia, flyttar inn i noko virtuelt.

Det er underleg at vi i årevis no har diskutert ”islamofobi”, som om dette var ei vanleg medisinsk tilstand. Slik har dei såkalla liberale og radikale tatt grep om dagsorden og vridd henne mot oss. Det som er sunn skepsis, uvilje og ein aukande nervøsitet for kva som kan skje med både samfunn, kultur og faktisk vår fridom dersom islamiseringa får fotteste i Vesten og den multikulturelle relativismen og den iboande autoritære pisken i den norske eliten får råde. For vi ser ein gryande toleranse der meiningar blir silte og rangert, og nokre slått ned på, slik redaktøren av Magazinet fekk kjenne då han trykte dei ufarlige teikningane av Muhammed. Det meste kjem aldri så langt som å bli slått ned på siden sensuren av eigne og andre sine meiningar er sterk. FrP sine veljarar har i realiteten ikkje ei avis eller kanal som fremmer deira perspektiv utover dei ufarlige meiningar. Og det er sjølvsagt ikkje berre FrPs veljarar men "folk flest"... "Islamofobien" og rasisme er eit av sensur-instrumenta som kultureliten svingar over folket som ein pisk.

Den såkalla ”islamofobien” er eigentleg eit teikn på god helse. Svært mange i Noreg og Europa elles er angrepne av islamtrøttleik. Vi er kvalme av den islamske kulturradikalismen og dei som forstår dei reaksjonære muslimske mennene i skjegg og sjølv rabiate terroristar og despotar så inderleg vel. Med islamofobi er det meint at vi alle skal kjenne oss skuldige og skamfulle. ’Tenk at vi trur vår eigen kultur er betre enn den som no kjem i skjegg og burka?!’

Det enkle faktum er at norsk og europeisk kultur står langt over det Islam kan by på. Ein norsk politikar kan knapt seie dette i dag. Kor lenge vil då Norge overleve? Når trua er borte. Islamofobi-diagnosen har gjort det vanskeleg, ja nesten umogleg for kritikarar å seie slike ting som dette. Det er i seg sjølv det verste, at den frie og opne kritikken er skadd. Rasismedebatten er klam og kjøleg. Vi er snart alle rasistar, kanskje skulle vi bli sendt på ”skoleringsleir”. Eit lite kurs... Det er alt inne på skulens pensum, reknar eg med. Positiv rasisme: vi skal være ekstra imøtekomande overfor dei ikkje-vestlege kulturane som i sitt eige språk enten håner oss eller er sjokkert over at vi er så feige.

Slikt er ikkje berre teikn på at ein er moteriktig men at ein har mista trua på sjølve kjernen i den europeiske humanismen ein trur ein er super-eksponent for. Dette er ironien. Dei på barrikadane for menneskerettar, toleranse og human framferd er eigentleg med å øydelegge fundamenta deira. Rasisme-hysteriet er blitt berre mote og fakter, det mistar innhaldet. Kjernen i rasismen er ikkje frykten for nivellering, at alle skal bli like, men at noko er større enn noko anna. Rasistar meinar det slik; den ekte anti-rasisten meiner det også slik, men då ikkje om rase men om verdiar. Ein kan ikkje berre snakke om likskap utan å snakke om kva verdiar er dei høgste.

Dagens kulturelite og meiningsdannarar gir inntrykk av å vere spesielt moralske og rettferdige, og sakene deira høgverdige, kultiverte, siviliserte, og ikkje minst moderne. Det ironiske er at denne type toleranse som dei ofte preiker er del av ein stikk motsett trend, nemleg forfall, hedonisme, kommersialisme og relativisme. Kultureliten er ikkje spesielt moralsk, streng, paternalistisk, asketisk osv er den?... Nei. Det som er kulturelitens hovedtema er å stadig undergrave "sanningar" - det er det kjæraste 68-arane og deira elevar gjer; og tragisk nok, dei har media som sine beste partnarar. For å undergrave "sanningar" sel godt; i flokken spring også mange av dei som alltid spring etter når det blir kasta stein og ropa høgt.

Idiotane, som er deira rette merke, forstår ikkje at ved sida av religiøs fanatisme er relativistane den største trusselen mot vår sivilisasjon. Dette er historia til Europa, ikkje mykje nytt anne enn at eliten i dag er dominert av dette.

Difor er det naudsynt med ein kulturkamp. Folket var for ein generasjon sidan mobilisert for det subversive radikale prosjektet til 68-arane. Dei klassiske motkulturane var innretta på sentrum-periferi-konfliktane og gode allierte. Instinkta var anti-elitære. Alt "godt og riktig" var sidan "folkeleg". No er eliten langt frå folkeleg og gjer sitt beste for å gjere narr av eller ignorere det som er att av "folket". Dei likar gjerne nidsongar om EU og rikingar, men ve om ein gjer narr av ein burka eller turban med bombe i ... Så no er spørsmålet, eliten er skandaløs, kan "folket" berge oss?

Ingen kommentarer: